Bilete frå turar og aktivitetar me har gjort i løpet av utefagskurset
Velkomen til gards
Dette er min blogg om stort og smått i forbinding med utefagsstudiet på førskulelærarlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
mandag 16. mai 2011
søndag 15. mai 2011
fredag 15. april 2011
onsdag 6. april 2011
Naturfilosofi
Min naturfilosofi. Ja, kva er no det? Eg har vel eigentleg ingen klar naturfilosofi, men livsmottoet "for livets glade gutter går solen aldri ned" passar vel godt og i denne samanhengen. Den store gleda med natur og friluftsliv er rett og slett rein turglede med fjelltoppar,vatn, frisk luft, stillheit, opplevinga og ikkje minst følelsen av at ein har vore i fysisk aktivitet - og på grunn av alt dette er det ikkje vanskeleg å få fram eit smil og vera ein glad gut når ein ferdast ute i naturen :-)
mandag 28. mars 2011
Arbeidskrav 5 - medoppdaging med barn
fredag 4. mars 2011
Skikurs på hodlekve
Me har no gjennomført eit skileikkurs på Hodlekve der me har bygd anlegg med mellom anna orgeltramp, hoppbakke, kular og staup, skogsløype og leirplass. Fyrste dagen bygde me anlegget, andre dagen gjekk me tur til Høgehaug (980 moh) i strålande solskinn og tredje dagen testa me anlegget og laga ei kroppsbob-bane med doserte svingar - i alt tre strålande dagar!
mandag 14. februar 2011
Arbeidskrav 7 - Overnattingstur
Me har fått i oppgåve å gjennomføre ein overnattingstur i vinterfjellet med fokus på tryggleik i vinterfjellet. Eg la eigenturen min frå 11 - 12 februar. Eg kan melde om strålande vær på turen og mykje snø i fjellet (ca 185 cm snødjupn på rundt 600 moh).
mandag 7. februar 2011
Fugleregistrering - del 2
Kan melde om rivande ny utvikling på fuglefronten. Eg har sidan sist utvida buffet'en med solsikkefrø (og litt heimebaka grovbrød) - noko som virkar særs populært. Og sist men ikkje minst, blåmeisen har funne si vitjingstid (beklagar litt mørke bilete, men kodeord for bileta er blåmeis).
Arbeidskrav 4 - skred og tryggleik
Arbeidskrav 3 - lauvtre om vinteren
mandag 24. januar 2011
Fugleregistrering
Då var fuglemataren på plass! Utoveren vinteren og våren skal eg fylgje med og registrere dei fuglane som er innom. Den første, ivrigaste og einaste fuglen som er observert til no er kjøttmeisen
Arbeidskrav 2 - korleis og kvifor skrive prosjektskisse
tirsdag 11. januar 2011
Fotomontasje
Då var datageeken i gong, og her kan du nyta den fyrste avlinga av min nylærde kunnskap om collage. Bileta er tekne i forbinding med ein ekskursjon hausten 2010 på Barsnesfjorden i Sogndal.
Abonner på:
Innlegg (Atom)