Velkomen til gards

Dette er min blogg om stort og smått i forbinding med utefagsstudiet på førskulelærarlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

mandag 24. januar 2011

Fugleregistrering

Då var fuglemataren på plass! Utoveren vinteren og våren skal eg fylgje med og registrere dei fuglane som er innom. Den første, ivrigaste og einaste fuglen som er observert til no er kjøttmeisen

3 kommentarer:

  1. Dårleg gjort å få gjester med ein gong, min har henge oppe i over ei veke og endå har eg ikkje sett snurten av fugl

    SvarSlett
  2. No høyrer det med til historia at eg bur rimeleg grisgrendt til her i Sogndal, med mykje skog rett utanfor stovedøra - kanskje det kan gje ei forklaring? Visst ikkje, må det vere fordi at eg her ein morgon kledde på meg kjøttmeisdrakta mi og sprang flakksande i sirklar, brusa med fjøra og lagde lokkelydar. Kanskje ein ide å teste ut?

    SvarSlett
  3. Trur eg kan kalle det grisgrendt her eg bur og, men må innrømme at eg ikkje har funne fram kjøttmeisdrakta, takk for tipset.

    SvarSlett