Velkomen til gards

Dette er min blogg om stort og smått i forbinding med utefagsstudiet på førskulelærarlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

onsdag 6. april 2011

Naturfilosofi


Min naturfilosofi. Ja, kva er no det? Eg har vel eigentleg ingen klar naturfilosofi, men livsmottoet "for livets glade gutter går solen aldri ned" passar vel godt og i denne samanhengen. Den store gleda med natur og friluftsliv er rett og slett rein turglede med fjelltoppar,vatn, frisk luft, stillheit, opplevinga og ikkje minst følelsen av at ein har vore i fysisk aktivitet - og på grunn av alt dette er det ikkje vanskeleg å få fram eit smil og vera ein glad gut når ein ferdast ute i naturen :-)