Velkomen til gards

Dette er min blogg om stort og smått i forbinding med utefagsstudiet på førskulelærarlinja ved Høgskulen i Sogn og Fjordane

mandag 16. mai 2011

onsdag 6. april 2011

Naturfilosofi


Min naturfilosofi. Ja, kva er no det? Eg har vel eigentleg ingen klar naturfilosofi, men livsmottoet "for livets glade gutter går solen aldri ned" passar vel godt og i denne samanhengen. Den store gleda med natur og friluftsliv er rett og slett rein turglede med fjelltoppar,vatn, frisk luft, stillheit, opplevinga og ikkje minst følelsen av at ein har vore i fysisk aktivitet - og på grunn av alt dette er det ikkje vanskeleg å få fram eit smil og vera ein glad gut når ein ferdast ute i naturen :-)

fredag 4. mars 2011

Skikurs på hodlekve



Me  har no gjennomført eit skileikkurs på Hodlekve der me har bygd anlegg med mellom anna orgeltramp, hoppbakke, kular og staup, skogsløype og leirplass. Fyrste dagen bygde me anlegget, andre dagen gjekk me tur til Høgehaug (980 moh) i strålande solskinn og tredje dagen testa me anlegget og laga ei kroppsbob-bane med doserte svingar - i alt tre strålande dagar!

mandag 14. februar 2011

Arbeidskrav 7 - Overnattingstur

Me har fått i oppgåve å gjennomføre ein overnattingstur i vinterfjellet med fokus på tryggleik i vinterfjellet. Eg la eigenturen min frå 11 - 12 februar. Eg kan melde om strålande vær på turen og mykje snø i fjellet (ca 185 cm snødjupn på rundt 600 moh).

https://docs.google.com/viewer?a=v&pid=explorer&chrome=true&srcid=0B37jAjz8I_zwODZkN2NlMTMtMDUxNC00MzA4LWExOGQtYjIwMGMzMTYzYmIz&hl=en&authkey=CJGTq_ED

tirsdag 11. januar 2011

Saftbygda frå Slakken

Saftbygda Sogndal bada i haustsol sett frå Slakken

Topptur

Eg og Malin Elise på toppen av Remmemstinden (1090 moh) i Vestnes Kommune sumaren 2010

Klatring i Plommehagen

Fotomontasje

Då var datageeken i gong, og her kan du nyta den fyrste avlinga av min nylærde kunnskap om collage. Bileta er tekne i forbinding med ein ekskursjon hausten 2010 på Barsnesfjorden i Sogndal.